Vårt land, vårt land, vårt fosterland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vårt land (finsk Maamme) er Finlands uoffisielle nasjonalsong. Songen vart skriven av Johan Ludvig Runeberg som del av Fänrik Ståls sägner og tonesett av Fredrik Pacius, og han vart framført for første gong 13. mai 1848 i Helsingfors. Også Estlands nasjonalsong (Mu isamaa, mu õnn ja rõõm bruker same melodi, men utan repetisjonen for dei siste fire linene. Teksten vart omsett til finsk av Paavo Cajander i 1889. Vårt land har 11 vers, men vanlegvis er det berre første og siste verset som blir sunge.