Vêrkart
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit vêrkart er eit reiskap som vert nytta innan meteorologi for å få eit raskt oversyn over informasjon og vise analysar av forskjellige meteorologiske storleikar i forskjellige nivå i atmosfæren.[1] Dei har vorte nytta sidan midten av 1800-talet og har vorte nytta både til forsking og til vêrvarsling. Ein stasjonsmodell vert nytta for å plotte data på ein effektiv måte, som seinare kan nyttast i analysen. Ved hjelp av kart der isotermar syner temperaturane,[2] kan ein finne vêrfrontar. Isotach-kart syner linjer med lik vindstyrke,[3] på konstante trykkflater i 300 hPa eller 250 hPa, slik at ein kan sjå kvar jetstraumen ligg. Ved å sjå på høgda til trykkflatene 700 og 500 hPa kan ein indikere rørsla til tropiske syklonar. Todimensjonale straumlinjer for forskjellige vindstyrkar kan vise område med konvergens og divergens i eit vindfelt. Ei vanleg form for vêrkart er analysekart, der ein plottar isobarar for å syne område med høgtrykk og lågtrykk. Spesielle vêrkart innan luftfart kan syne område med ising og turbulens.