VM i fotball 2010
From Wikipedia, the free encyclopedia
VM i fotball 2010 var den 19. verdsmeisterskapen i fotball. Han vart arrangert i Sør-Afrika frå 11. juni til 11. juli 2010. Det var første gongen fotball-VM vart arrangert på det afrikanske kontinentet. Spania vart verdsmeister for første gong, etter å ha slått Nederland 1-0 i finalen etter ekstraomgangar. Tyskland slo Uruguay i bronsefinalen. Sør-Afrika vart det første vertslandet nokon gong som ikkje gjekk vidare frå gruppespelet. Toppskårarane i turneringa vart Thomas Müller frå Tyskland, Wesley Sneijder frå Nederland, David Villa frå Spania og Diego Forlán frå Uruguay, som skåra fem mål kvar, men Thomas Müller vann den offisielle toppskårartittelen fordi han hadde flest målgivande pasningar. FIFA kåra Diego Forlán til beste spelar i turneringa, og Iker Casillas frå Spania til beste målvakt.
FIFA bestemte at opningskampen og finalen skulle spelast på Soccer City i Johannesburg. Meisterskapen vart sparka i gang her 11. juni då Sør-Afrika møtte Mexico i gruppe A.