Valmuefrø
From Wikipedia, the free encyclopedia
Valmuefrø er frø frå opiumsvalmuen (Papaver somniferum).[1] Dei blir brukt til matlaging, mellom anna i ei rekkje former for bakverk.
Dei er små, nyreforma frø som er mindre enn ein millimeter lange.[2] Ein treng rundt 3 300 frø for å få eit gram.[3] Dei kan vera svarte, blågrå eller kvitlege på farge.[4]