Varmblodig
From Wikipedia, the free encyclopedia
I biologien er varmblodige eller jamnvarme dyreartar dei artane som søkjer termisk homeostase, det vil seie dei held kroppstemperaturen jamn utan påverknad frå variasjon i temperaturen i omgjevnadene . Dette inneber midlar til å kjøle ned organismen eller produsere meir kroppsvarme. Varmblodige dyr utfører hovudsakleg kontrollen av kroppstemperaturen ved å regulere stoffskiftet, til dømes kan dei auke stoffskiftet om temperaturen i omgjevnaden tar til å gå ned.
Vitskapsfolk har slutta å nytte omgrepa «varmblodig» og «kaldblodig», fordi omgrepa er vage, og på grunn av ei auka innsikt innanfor dette feltet. Typar av kroppstemperaturregulering fell ikkje inn i inn enkle anten-eller kategoriar. Termane kan erstattast av ein eller fleire variantar av definisjonen som vist under. Reguleringar av kroppstemperaturen femnar om eit breitt spekter av ulike teknikkar som kan resultere i eit kontinuum, med dei tradisjonelle omgrepa «varmblodig» og «kaldblodig» på kvar si side av spekteret.