Verdscupen i skiskyting
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdscupen i skiskyting er blitt arrangert sidan sesongen 1978 (for karar) og 1983 (kvinner). Fram til 1987-sesongen heitte turneringa for kvinner europacup, men deltakinga var ikkje avgrensa til europearar.
Verdscupsesongen varer vanlegvis frå desember til mars, med renn på ulike arenaer nesten kvar veke. Sesongen består totalt av 9-10 konkurranseveker, der øvingane vert arrangert frå onsdag/torsdag til søndag. Stafett vert arrangert fire til seks gonger kvar sesong. Tevlingane i [[Verdsmeisterskapen i skiskyting] har oftast talt med i verdscupen, men ikkje dei seinaste sesongane.
Tabellen nedanfor syner dei beste skiskyttarane og nasjonane for kvar sesong.