Vest-cree-abugidaen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vest-cree-abugidaen, populært kalla vest-cree-stavingsalfabetet, er ein variant av abugidaen for cree og inuktitut, som blir nytta for å skrive prærie-cree (engelsk Plains Cree), skog-cree (engelsk Woods Cree) og vestlege dialektar av myr-cree (engelsk Swampy Cree. Den blir nytta for å skrive cree-dialektar grovt rekna vestanfor grensa mellom dei kanadiske provinsane Manitoba og Ontario.
Skriftsystemet for cree er ein abugida, i og med at konsonantane alltid blir uttrykte med same symbol, t.d. eit v-forma teikn for p, som så blir modifisert (her snudd rundt på) for å markere ulike konsonant-vokal-kombinasjonar. Abugidaer skil seg frå ekte stavingsalfabet ved at stavingsalfabeta, som t.d. cherokeealfabetet, har ulike symbol for kvar staving.