We Can't Dance
From Wikipedia, the free encyclopedia
We Can't Dance er det fjortande studioalbumet til det engelske rockebandet Genesis, gjeve ut på 28. oktober 1991 på Atlantic Records i USA og 11. november 1991 på Virgin Records i Storbritannia. Det er det siste studioalbumet med trommeslagaren og songaren Phil Collins før han slutta i 1996 for å satse på soloprosjekta sine på fulltid. Produksjonen av albumet byrja etter ein fire år lang pause for bandet, etter salssuksessen til Invisible Touch (1986) og den påfølgjande turneen.
We Can't Dance Studioalbum av Genesis | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. oktober 1991 | |
Innspelt | Mars til september 1991 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 1:11:30 | |
Selskap | ||
Produsent |
| |
Genesis-kronologi | ||
---|---|---|
Invisible Touch (1986) |
We Can't Dance | The Way We Walk, Volume One: The Shorts (1992)
|
Singlar frå We Can't Dance | ||
|
We Can't Dance vart ein salssuksess verda over for bandet. Det vart det femte albumet deira på rad som gjekk til topps på den britiske albumlista og det nådde fjerdeplassen i USA, der det selde fire millionar eksemplar. Mellom 1991 og 1993 vart seks spor frå albumet gjeve ut på singlar, inkludert «No Son of Mine» og «I Can't Dance». Sistnemnde vart nominert til Grammyprisen for beste popsong av ein duo eller gruppe i 1993. Genesis turnerte for å marknadsføre We Can't Dance i 1992, der bandet spelte på store stadion og arenaer i Nord-Amerika og Europa.