William Crookes
britisk fysikar og kjemikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Sir William Crookes (17. juni 1832–4. april 1919) var ein engelsk kjemikar og fysikar. Han gjekk på Royal College of Chemistry i London, og arbeidde med spektroskopi.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
William Crookes | |||
| |||
Fødd | 17. juni 1832 London | ||
---|---|---|---|
Død | 4. april 1919 London | ||
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | kjemi, fysikk, spektroskopi, Spiritisme | ||
Yrke | kjemikar, fysikar, påstått synsk, fotograf | ||
Institusjonar | University of Chester | ||
Alma mater | Imperial College London | ||
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien Accademia Nazionale dei Lincei National Academy of Sciences |
Close
Crookes vart utnemnd til medlem av Order of Merit og var president i Royal Society 1913–15.
Han undersøkte elektriske utladingar i glasrøyr med gass under lågt trykk, Crookes-røyr, der han påviste eit mørkt område, Crookes-mørkerom
Han påviste at det fanst helium i sola og i mineralet cleveitt. Han oppdaga metallet thallium og separerte thorium frå uran. For å verne augo til industriarbeidarar mot intenst lys laga han briller av mørkt glas, og kan derfor reknast som oppfinnar av solbrillene. Han var òg sterkt oppteken av spiritisme.