Works Volume 1
From Wikipedia, the free encyclopedia
Works Volume 1 er det femte studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Emerson, Lake & Palmer, gjeve ut som eit dobbeltalbum den 25. mars 1977 på Atlantic Records. Etter verdsturneen deira etter Brain Salad Surgery (1973), tok gruppa ein lengre pause før dei møttest att i 1976 for å spele inn eit nytt album. Dei var no i skatteeksil og spelte inn nytt materiale i London og i Montreux i Sveits og Paris i Frankrike. Works Volume 1 består av ei side til kvar av medlemmane, der dei skreiv og arrangerte sine eigne spor som dei spelte i lag med bandet. Den fjerde sida bestod av songar dei skreiv i lag. Keith Emerson spelte inn sin Piano Concerto nr. 1, Greg Lake skreiv fleire songar med tekstforfattaren Peter Sinfield, og Carl Palmer spelte inn spor innan forskjellige musikkstilar.
Works Volume 1 Studioalbum av Emerson, Lake & Palmer | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. mars 1977 | |
Innspelt | 1976 | |
Studio | De Lane Lea Studios i London Mountain Studios i Montreux Pathé-Marconi EMI Studios i Paris | |
Sjanger | ||
Lengd | 1:27:23 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | ||
Emerson, Lake & Palmer-kronologi | ||
---|---|---|
Welcome Back, My Friends, to the Show That Never Ends ~ Ladies and Gentlemen (1974) |
Works Volume 1 | Works Volume 2 (1977)
|
Singlar frå Works Volume 1 | ||
|
Albumet nådde niandeplassen på UK Albums Chart og 12. plassen på den amerikanske Billboard 200. Det selde til gullplate i begge land. Gruppesporet «Fanfare for the Common Man», Emerson si utgåve av komposisjonen til Aaron Copland frå 1942, vart gjeven ut på singel i mai 1977. Denne nådde andreplassen på UK Singles Chart og vart den høgaste plasseringa ein av singlane deira nådde i heimlandet. Meir musikk vart spelt inn i 1976 og songar frå denne innspelinga kom ut som Works Volume 2. Begge albuma vart marknadsførte med ein verdsturné i 1977-1978 der dei spelte med eit orkester på scenen på somme av dei første konsertane.