Zeemaneffekten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Zeemaneffekten er ein effekt eit magnetfelt har på frekvensen til stråling som vert emittert (eller absorbert) av atom som vert utsett for magnetfeltet. Effekten vart oppdaga i 1896 av Pieter Zeeman. Kvar enkel spektrallinje i lyset frå ein gass kan, når gassen vert utsett for eit magnetfelt, vise ei oppsplitting i fleire linjer med same innbyrdes avstand og symmetrisk fordelt omkring den opphavlege linja.