Árta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Árta (gresk Άρτα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn i Ípiros nordvest i Hellas. Han er òg hovudstad i periferieininga. Byen vart i antikken kalla Amvrakía (gresk Αμβρακία). Árta er kjend for den gamle brua over elva Árakhthos, som ligg vest for sentrum. Árta har òg mange ruinar frå antikken og eit gamalt slott frå 1200-talet, eit av dei best bevarte i Hellas. Den rike austromerske historia kan ein òg sjå av dei mange austromerske kyrkjene som ligg her. Den mest kjende av desse er kanskje Panajía Parigorítissa, bygd kring 1290 av despoten Nikeforos.
Meir informasjon Árta Lokalt namn Άρτα, Geografi ...
Árta Lokalt namn Άρτα | |
---|---|
Den gamle brua i Árta | |
Geografi | |
Stad | Ípiros |
Koordinatar | 38°09′28″N 20°59′12″E |
Areal | 436,8 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Ípiros Árta |
Hovudsete | Árta (21 798 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 41 600 (2021[1]) |
Folketettleik | 95,2 /km² |
Lukk
Árta ligg ved Ártabukta som er kalla opp etter byen.