Ípiros
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ípiros (gresk Ήπειρος, albansk Epir) er ein av tretten periferiar i Hellas og ligg nordvest i landet. Han fell i hovudsak saman med den tradisjonelle regionen med same namn. Periferien grensar til Vest-Makedonía og Thessalía i aust, Ártabukta og Vest-Hellas i sør, Det joniske havet og Dei joniske øyane i vest og Albania i nord.
Meir informasjon Ípiros Ήπειρος ...
Ípiros Ήπειρος | |
---|---|
Land: | Hellas |
Hovudstad: | Ioánnina |
Periferieiningar: | Ioánnina Árta Préveza Thesprotía |
Folketal: | 319 991 (2021[1]) |
Areal: | 9 203 km² |
Folketettleik: | 35 /km² |
Heimeside: | www.php.gov.gr |
Close
Ípiros omfattar dei tidlegare prefektura Ioánnina, Thesprotía, Árta og Préveza. Periferien har eit areal på 9 200 km² og ein folkesetnad på om lag 320 000. Hovudstaden og største by er Ioánnina med om lag 65 000 innbyggjarar. Folkesetnaden i dag er nesten utelukkande greskspråkleg og religionen er gresk ortodoks. Det er òg små romani-minoritetar der.