Batseba
From Wikipedia, the free encyclopedia
Batseba (hebraisk בַּת־שֶׁבַע, Baṯ-Šǽḇaʿ eller Baṯ-Šā́ḇaʿ[lower-alpha 1]) er ei bibelsk kvinne som var gift med hettitten Uria, og deretter med kong David. Ifølgje Bibelen såg David henne bada på taket, fekk henne kalla heim til seg, og gjorde henne gravid (2 Samuelsbok kap 11) For dette kunne Batseba avrettast for utruskap, sidan ho var blitt gravid medan mannen hennar var borte (2 Samuelsbok kap 11, vers 5 og vidare til og med 15). David fekk Uria send til ein farleg post ved fronten, der han blei drepen, og David gifta seg så med Batseba.
Batseba | |||
| |||
Fødd | Giloh | ||
---|---|---|---|
Tittel | Dronningmor | ||
Opptrer i | 2 Sm, Første kongebok, 1 Krn | ||
Slekt | Huset David | ||
Land | Det forente kongedømmet Israel | ||
Far | Eliam | ||
Ektefelle | Uria, David I av Israel | ||
Barn | Sjelomo I av Israel, Natan, Sjobab |
Batseba var ei dotter av Eliam, ein av David sine «tretti trufaste menn.»[1] Eliam var òg son av Akitofel frå Gilo, som var ein av dei fremste rådgjevarane til David.[2] Gilo var ein by i Judea, og såleis var Batseba frå David si eiga stamme og sønedotter av ein av dei fremste rådgjevarane hans.[3] Ho var mor til Salomo, som følgde David som konge.