Bohemian Rhapsody
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Bohemian Rhapsody» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han vart skriven av Freddie Mercury for A Night at the Opera frå 1975. Songen er ein seks minuttar lang suite,[2] som består av fleire delar utan refreng: ein intro, ein ballade-del, ein operatisk passasje, ein hardrock-del og ein reflekterande koda.[3] Songen var den dyraste singelen som var spelt inn då han kom.[4]
Bohemian Rhapsody Singel av Queen frå albumet A Night at the Opera | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 31. oktober 1975 | |
Innspelt | August–september 1975 i forskjellige studio | |
Sjanger |
| |
Lengd | 5:57 | |
Selskap |
| |
Komponist | Freddie Mercury | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
Produsent |
| |
Queen-kronologi | ||
«Lily of the Valley» (1975) |
Bohemian Rhapsody | «You're My Best Friend» (1976)
|
Singelen «Bohemian Rhapsody» vart ein stor salsuksess, og han låg på toppen av UK Singles Chart i heile ni veker og hadde seld meir enn ein million eksemplar mot slutten av januar 1976.[5] Han nådde toppen av singellista igjen i 1991 i ytterlegare fem veker, då den same versjonen vart gjeven ut på nytt,[6] og vart til slutt den tredje mestseljande singelen i Storbritannia gjennom tidene.[7] Han toppa òg listene i fleire andre land, som i Canada, Australia, New Zealand, Irland og Nederland, og vart ein av dei mestseljande singlane gjennom tidene. I USA nådde songen opphavleg niandeplassen i 1976. Han klatra til andreplassen i 1992 etter han vart nytta i filmen Wayne's World.
Sjølv om kritikarane var usamde, var «Bohemian Rhapsody» ein av dei mest populære songane til Queen og finst ofte på lister over dei beste songane gjennom tidene. Det vart laga ein musikkvideo til songen som vert rekna som banebrytande av ekspertar.[8][9] I 2004 vart «Bohemian Rhapsody» innlemma i Grammy Hall of Fame.[10] I 2012 toppa songen lista til ITV i Storbritannia over den britiske favorittlåten dei siste 60 åra.[11]