Cherokesisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Cherokesisk er eit irokesisk språk som blir snakka av cherokee-stammen i USA. Språket blir snakka i delstaten Oklahoma og i cherokee-reservatet i Great Smoky Mountains i Nord-Carolina. Cherokesisk er det einaste levande sørirokesiske språket, og det vert i følgje Ethnologue talt av mellom 15 000 og 22 500 personar, av dei er 130 einspråklege.
Cherokesisk ᏣᎳᎩ Tsalagi | ||
Klassifisering | Irokesisk Sørirokesisk Cherokesisk | |
Bruk | ||
Tala i | USA | |
Cherokesisktalande i alt | 15 000–22 500[1] | |
Skriftsystem | Det cherokesiske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | chr | |
ISO 639-3 | chr | |
Wikipedia på cherokesisk |
Cherokesisk har eit komplisert tonesystem, som varierer frå dialekt til dialekt. Sjølv om det tonale systemet i mange område gjennomgår ei gradvis forenkling, er det i andre område svært robust, noko som ser ut til å gje opphav til fenomenet tone-sandhi.
Cherokesisk har eit eige alfabet, ei stavingsskrift, som vart laga av sølvsmeden Sequoyah. Alfabetet har 85 teikn som står for kvar si staving (ikkje lydar). Eit døme frå alfabetet er ᏣᎳᎩ tsa-la-gi, som er cherokee på cherokesisk.