Faryngitt
type øvre luftvegsinfeksjon / From Wikipedia, the free encyclopedia
Faryngitt er ei samlenemning for betennelse i svelget bak i halsen.[1] Det plar å vere smertefullt, og er den vanlegaste årsaka til sår hals.[2]
- Må ikkje forvekslast med laryngitt.
Betennelsen kan vere anten kronisk eller akutt (snøggvoren og kortvarig). Faryngitt kan føre til at mandlane blir oppblåste, slik at dei forstyrrar svelging og pusting. Faryngitt kan følgjast av hoste eller feber, særleg viss den skuldast systemisk infeksjon.
Dei fleste akutte tilfella skuldast virusinfeksjonar (40—80 %), medan resten skuldast bakterieinfeksjonar, soppinfeksjonar eller irritasjonsmiddel som til dømes miljøgifter eller kjemikaliar.[2][3] Behandling av virusinfeksjon er i hovudsak symptomatisk, men bakterie- og soppinfeksjon kan behandlast med høvesvis antibiotika og antimykotika.
Ordet kjem frå det greske ordet pharynx som tydar «strupe», og etterstavinga -itis som tydar «betennelse».