Feltspat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Feltspat er den mest viktige bergartsformande gruppa av mineral og utgjer opp til 60 % av jordskorpa. Feltspatane er essensielle i magmatiske bergartar der mengde og type brukast i klassifiseringa. Feltspatane krystalliserer frå magma både i djupbergartar og dagbergartar. Dei kan òg opptre som kompakte mineral, i gangar og finst i metamorfe bergartar og mange sedimentære bergartar. Feltspatane kan vere fargelause til kvite og lys grå, men det finst òg variantar som er brune, gule, raude, grøne og svarte.
Kjappe fakta Generelt, Kategori ...
Feltspat | |||
Feltspatkrystall (18×21×8.5 cm) frå Jequitinhonhadalen i Minas Gerais i Søraust-Brasil. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Tektosilikat | ||
Kjemisk formel | KAlSi3O8 – NaAlSi3O8 – CaAl2Si2O8 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | rosa, kvit, grå, brun | ||
Krystallsystem | Triklinsk eller monoklin | ||
Tvilling | Tartan]], carlsbad, etc | ||
Kløyv | to eller tre | ||
Brot | langs kløyvplan | ||
Fastleik | ? | ||
Mohs hardleiksskala | 6.0-6.5 | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | kvit | ||
Transparens | ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 2.55 - 2.76 | ||
Tettleik | 2.56 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Brytingsindeks | 1.518-1.526 | ||
Dobbeltbryting | førsteordens | ||
Pleokroisme | ingen | ||
Andre eigenskapar | avblanda lamell er vanleg | ||
Kjelder | [1] |
Close