Gustav Noske
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gustav Noske (9. juli 1868–30. november 1946) var ein tysk politikar for SPD. Han var tysk forsvarsminister frå 1919 til 1920, som den første forsvarsministeren i Weimarrepublikken og i Tyskland på føderalt nivå overhovudet.
Gustav Noske | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 9. juli 1868 Brandenburg an der Havel |
Død |
30. november 1946 (78 år) |
Yrke | journalist, politikar, skribent |
Språk | tysk |
Politisk parti | Sozialdemokratische Partei Deutschlands |
Gustav Noske på Commons |
Noske var ein moderat og sentrumsorientert sosialdemokrat, og var medlem av den tyske Riksdagen frå 1906 til 1918, og av den forfatningsgivende nasjonalforsamlinga i Weimar i 1919.
Han er mellom anna kjend for å ha slått ned spartakistoppreisten i Berlin og andre kommunistiske oppreister (m.a. i München og Bremen) i 1919 med hjelp frå frikorpsa.
Frå 1920 til 1933 var han overpresident (guvernør) for den prøyssiske provinsen Hannover. I samband med 20. juli-attentatet vart han arrestert og send i konsentrasjonsleir.