Heart of Midlothian FC
From Wikipedia, the free encyclopedia
Heart of Midlothian Football Club, vanlegvis kalla Hearts, er ein skotsk fotballklubb som speler i Scottish Premier League. Klubben blei stifta i 1874, og vann sin første ligameisterskap i 1895. Klubben spelar heimekampane sine på Tynecastle Stadium i Edinburgh.
Heart of Midlothian FC | |||
Fullt namn | Heart of Midlothian Football Club | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | Ukjend | ||
Heimebane | Ingen (Kapasitet: 18 008) | ||
Hovudtrenar | Craig Levein | ||
Liga | Scottish Premier League | ||
|
Namnet til klubben stammar frå den gamle tollbua i byen som var kjend som «Heart of Midlothian». Sjølv om det blei jamna med jorda i 1817 blei bygget minna gjennom romanen The Heart of Midlothian av Walter Scott og eit lokalt danselokale, The Heart of Midlothian Dancing Club, som fotballklubben fekk namnet sitt frå.[1]
Byen Edinburgh har to lag i den profesjonelle ligaen. Hearts er frå gammalt av laget til protestantane i byen, medan rivalen Hibernian har mange katolske tilhengjarar. Det religiøse elementet i rivaliseringa mellom laga har likevel ikkje vore like sterk som den mellom Rangers og Celtic i Glasgow.
Den norske fotballspelaren Roald «Kniksen» Jensen spelte for klubben i perioden 1965-72.