Hermetikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hermetikk, òg kalla konserves eller heilkonserves, er matvarer som ligg i lufttett emballasje, vanlegvis ein tett boks av metall. Innhaldet har vorte sterilisert ved oppvarming i samband med at emballasjen vert lukka lufttett, slik at innhaldet vert bakteriefritt, og soleis kan halde seg lengje. Metoden, som vert kalla hermetisering, går vanlegvis føre seg på det viset at den lukka boksen vert varma opp til 120 grader i tre minutt.[1] Slik hermetikk kan halda seg ved romtemperatur i minst 1 år og i nokre høve 20–30 år.[1] Etter dagens standardreglar vert innhaldet merka som haldbart i tre til fem år.
Hermetikk kan òg leggjast ned på glas som vert lukka lufttett, slik det er vanleg ved hermetisering av syltetøy, frukt og bær i heimane. Innhaldet må då òg verte sterilisert ved oppvarming, og det er viktig at lokket vert lagt på før innhaldet vert for mykje avkjøla.
Ikkje alle matvarer som ligg i lufttett metallboks er hermetikk. Fisk som er mogna eller gjæra, som til dømes joleansjos, gaffelbitar og anna, er ikkje bakteriefri og må lagrast kjølig, jamvel om maten ligg i uopna metallboks. Slike produkt vert kalla halvkonserves.