Japonisme
From Wikipedia, the free encyclopedia
Japonisme (fransk japonisme, først brukt i 1872[1]) viser til påverknaden frå japansk kunst, kultur og estetikk på vestleg kultur.[2][3] Omgrepet viser særleg til den japanske innverknaden på europeisk kunst som i impresjonismen.[4] I Frankrike bruker ein ordet japonisme om ein spesifikk fransk stil som hovudsakleg fanm uttrykk innanfor kunsten frå 1864.[5] I England hadde japonisme opprhavleg innverknad på dekorativ kunst, med dei første dokumenterte døma på møblar i anglo-japansk stil i 1862, sjølv om omgrepet anglo-japansk blei brukt allereie i 1851.[6]
Frå 1860-åra bleo ukiyo-e, japanske tresnitt, ei kjelde til inspirasjon for mange europeiske impresjonistiske målarar i Frankrike og andre stader, og til slutt for jugendstil og kubisme. Kunstnarane var spesielt tiltrekte av mangelen på perspektiv og skugge, flate område med sterke fargar, og det å plassera subjektet utanfor sentrum, for det meste med ein låg diagonal akse i bakgrunnen.