Jerusalem guvernement
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jerusalem guvernement (arabisk محافظة القدس}} Muḥāfaẓat al-Quds; hebraisk נפת אל קודס Nafat al-Quds) er ein av 16 guvernement i Palestina og ligg sentralt på Vestbreidda. Guvernementet har to underdistrikt: Jerusalem J1, som omfattar stadar i den israelske Jerusalem kommune (Aust-Jerusalem), og Jerusalem J2, som omfattar resten av Jerusalem guvernement.[1] Distriktshovudstaden i guvernementet er Jerusalem (al-Quds).
Kjappe fakta Land, Region ...
Jerusalem guvernement | |||
guvernement | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Region | Vestbreidda | ||
Distriktshovudstad | Jerusalem | ||
Koordinatar | 31.8°N 35.3°E / 31.8; 35.3 | ||
Areal | 331,6 km² | ||
Folketal | 429 500 (2005) | ||
Jerusalem guvernement 31.8°N 35.3°E / 31.8; 35.3 | |||
Wikimedia Commons: Jerusalem Governorate | |||
Lukk
Det samla arealet til guvernementet er 331,6 km2. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde guvernementet eit folketal på 429 500 innbyggjarar i 2005, som utgjer kring 10,5 % av palestinarar i Dei palestinske territoria.[2]