Jon Aasen
norsk politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Jon Sverre Aasen (fødd 16. mars 1951) er ein norsk politikar frå Vanylven som representerer Arbeidarpartiet. Han var fylkesordførar i Møre og Romsdal i periodane 2003-2007 og 2011-2019.[1][2][3]
Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Jon Aasen | |||
Fødd | 16. mars 1951 (72 år) Vanylven kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, lærar | ||
Barn | Kristin Maurstad | ||
Verv | Ordførar i Vanylven 1988–2003 | ||
Føregangar | Jon Arne Lillebø | ||
Etterfylgjar | Jan Helgøy | ||
Verv | Fylkesordførar i Møre og Romsdal 2003–2007 | ||
Føregangar | Ole Øverland | ||
Etterfylgjar | Olav Bratland | ||
Verv | Fylkesordførar i Møre og Romsdal 2011–2019 | ||
Føregangar | Olav Bratland | ||
Etterfylgjar | Tove-Lise Torve | ||
Alle verv |
Close
Aasen er utdanna ved lærarskulen i Volda. Frå 1976 var han i tolv år lærar på Åheim skule i heimkommunen Vanylven. Han var varaordførar 1983-87 i Vanylven, deretter ordførar i seksten år, 1988-2003. Valperioden 2003-07 var han fylkesordførar i Møre og Romsdal, han kom tilbake i denne posisjonen etter fylkestingvalet hausten 2011.