Jordskjelv
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jordskjelv er ristingar i jordskorpa som skuldast tektoniske platerørsler. Læra om jordskjelv heiter seismologi. Jordskorpa er inndelt i plater og over tid så oppstår det spaningar mellom platene. Når spaninga vert stor nok, skyv dei seg brått i forhold til kvarandre og eit jordskjelv oppstår. Desse forskyvingane skjer langs såkalla forkastingar eller brotsoner. Vanlegvis ligg forkastingane djupt nede i jorda, men stundom òg heilt opp til overflata. Frå sentrumet av jordskjelvet flyttar rystingane seg i alle retningar som jordskjelvbølgjer, og nokre av desse kan samanliknast med lydbølgjer. Om bølgjene er sterke nok, vil dei merkast direkte som ristingar i bakken, mens ein meir fintfølande seismograf kan fange opp mindre bølgjer.
Seismisitet eller jordskjelvaktivitet syner til kor ofte og kor kraftige jordskjelva vert i ulike geografiske område.[1]