Juneau
From Wikipedia, the free encyclopedia
Juneau er hovudstaden i delstaten Alaska i USA.
Juneau | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Delstat |
USA Juneau |
Grunnlagd | 1881 |
Geografi | |
Flatevidd | 8 427,626992 km² |
Flatevidd - By |
8 430.4 km² |
Innbyggjarar - By (2011) - folketettleik |
32 164 4,6/km² |
Koordinatar | 58°26′40″N 134°13′47″W |
Høgd over havet | 17 m |
Diverse anna | |
Heimeside: https://juneau.org/ | |
Plassering | |
Byen har eit totalt areal på 8 430,4 km², mykje meir enn staten Delaware til dømes, og ein folkesetnad som utgjer om lag 32 164 innbyggjarar (2011). Sjølve bykjernen har 17 500 innbyggjarar (2005) på eit område på 31 kvadratkilometer.
Juneau ligg på 58,3 ° nordleg breidde, omtrent det same som for Egersund i Noreg. Han er plassert i Alaska Panhandle, «steikjepanneskaftet», den søraustlege delen av staten. Innanfor USA er Juneau einaste hovudstaden på fastlandet utan vegsamband, han kan berre nåast med båt eller med fly. Det er planlagt å byggje veg, men det er politisk kontroversielt.
Byen har ein gjennomsnittleg dag maksimum temperatur på 18 °C i juli og minimum temperatur -4 °C i januar, og han har mykje vind og nedbør, gjennomsnittleg 2280 mm nedbør i året.
I 1994 var det folkerøysting i Alaska om å flytte hovudstaden til Wasilla nord for den største byen i delstaten, Anchorage. Folkerøystinga forkasta framlegget.