Kenny Dalglish
britisk fotballspelar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kenneth Mathieson Dalglish (fødd 4. mars 1951 i Dalmarnock i Glasgow) er ein skotsk tidlegare fotballspelar og sidan manager for mellom andre Liverpool FC, Blackburn Rovers FC, Newcastle United FC og Celtic FC. Han har rekord i tal landskampar og mål for Skottland, med 102 kampar og 30 mål (tal mål er tangering av Denis Law). Han spelte totalt 515 kampar for Liverpool FC, av desse 355 seriekampar. Dalglish har og vore manager for klubbene Liverpool, Blackburn Rovers, Newcastle United og Celtic. Han vart kjend som ein notorisk målscorar, og var den første til å score 100 mål i både den skotske og den engelske toppdivisjonen. Dalglish er ein av berre ni menn som har vorte engelsk seriemeister i fotball både som spelar og som manager. Han er også ein av berre tre managerar som har vunne den engelske toppserien med to ulike klubbar (Liverpool og Blackburn). Dei to andre som oppnådd det same er Brian Clough og Herbert Chapman. Han er utnemnd til medlem av Order of the British Empire.
Kenny Dalglish i 2009 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Kenneth Mathieson Dalglish | ||
Fødd | 4. mars 1951 (73 år) | ||
Fødestad | Glasgow i Skottland | ||
Høgd | 173 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Ungdomsklubbar | |||
1967-1968 1968-1969 |
Cowdenbeath United Celtic FC | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1969-1977 | Celtic | 204 | (112) |
1977-1990 | Liverpool | 355 | (118) |
Totalt | 559 | (230) | |
Landslag | |||
1971-1986 | Skottland | 102 | (30) |
Trenar for | |||
1985-1991 | Liverpool | ||
1991-1995 | Blackburn | ||
1997-1998 | Newcastle | ||
2000 | Celtic (midlertidig) | ||
2011-2012 | Liverpool | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |