NM i fotball for menn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Noregsmeisterskapen i fotball for menn er ei fotballturnering som vert spelt etter cupsystemet der vinnaren vert kåra til norgesmeister i fotball. Turneringa har blitt halden sidan 1902, med unntak av krigsåra 1941–44.
NM i fotball for menn | |
---|---|
Land | Noreg |
Region | UEFA |
Forbund | NFF |
Grunnlagt | 1902 |
Tal på klubbar | 281 (2011/12) |
Flest titlar | Odd (12)Rbk (12) |
Meisterskapen vart ikkje ein reelt noregsmeisterskap før i 1963, då klubber frå Nord-Noreg fekk lov til å delta. Desse klubbane var tidlegare vist til eit eige nordnorsk meisterskap. Frå 1924 til 1939 vart Arbeidarmeisterskapen i fotball arrangert som ei konkurrerande turnering.
Turneringa vart tidlegare avgjort med omkamp dersom finalen enda uavgjort, og både i 1945 og 1965 trong ein tre kampar for å kåre ein vinnar. Dette er no erstatta med straffekonkurranse. Den siste finalen som gjekk til omkamp var då Rosenborg slo Brann i 1995, medan Aalesund var det første laget som vart noregsmeister på straffer etter siger mot Molde i 2009.
Odd har flest meisterskap totalt med 12, medan Rosenborg har flest (8) sidan 1963.
Finalen i 1965 mellom Skeid og Frigg er den einaste der to lag frå same by har spelt finale.