Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1945
Resultat for norgesmesterskap i fotball for menn i 1945 / From Wikipedia, the free encyclopedia
Noregsmeisterskapen i fotball for herrar 1945 var ei norsk fotballturnering som vart arrangert i 1945. Det var det 40. noregsmeisterskapen i fotball.
Sesong | 1945 | ||
---|---|---|---|
Tittelforsvarar | Fredrikstad | ||
Startdato | 12. august (kvalik frå 29. juli) | ||
Finaledato | 14. oktober | ||
Vinnar | Lyn (5. tittel) | ||
Finalist | Fredrikstad | ||
Lag i alt | 128 | ||
Kampar | 137 | ||
Mål | 632 (4.61 pr kamp) | ||
Finaleresultat | Lyn - Fredrikstad 4-0 | ||
Arena | Ullevaal Stadion | ||
Finaledommar | Nils Gundersen, Fram Larvik | ||
Tilskodarar | 34 162 (første) 31 412 (tredje) | ||
← 1940
1946 → |
Lyn vart noregsmeistrar etter å ha slått Fredrikstad 4–0 etter to omkampar.
Dette var den første fotballmeisterskapen etter samanslåinga av Norges Landsforbund for Idrett og Arbeidernes Idrettsforbund i 1940 - på grunn av idrettsstreiken vart det ikkje halde NM i perioden 1941 til 1944. AIF hadde arrangert sin eigen noregsmeisterskap frå 1924 til 1939, så dette var på mange måtar den første noregsmeisterskapen for alle lag i Noreg, sjølv om Nord-Noreg ikkje kom med før i 1963.
Det var heile 344 påmeldte lag til NM dette året[1], og derfor måtte Norges Fotballforbund arrangere to kvalifiseringsrundar før første ordinære runde kunne spelast.
Noregs Fotballforbund fekk inn 158 000 skriftlige søknadar frå folk som ville ha billett til den første cupfinalen. 35 000 fekk positivt svar.[1]