Novaja Semlja
From Wikipedia, the free encyclopedia
Novaja Semlja (russisk skrift Новая Земля, Novaja Zemlja, tyder 'Det nye landet', norsk Gåselandet) er ei øygruppe i Nordishavet nord i Russland og heilt nordaust i Europa ved Kapp Zjelanija. Øygruppa er administrert av Arkhangelsk oblast. Etter ei folketeljing i 2002 hadde ho 2716 innbyggjarar, der 2622 innbyggjarar bur i Belusjia Guba, ein landsby som fungerer som det administrative senteret på øygruppa. Av innfødde folk bur om lag 100 nenetsarar på øya,[1] som hovudsakleg livnærer seg av fiske, fangst, jakt på isbjørn og sel.[2]
Novaja Semlja | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Novaja Semlja 73.9525°N 56.348611°E / 73.9525; 56.348611 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Novaya Zemlya | |||
Novaja Semlja består av to store øyar, med det smale Matotsjkinsundet i mellom, og fleire mindre øyar. Dei to store øyane Severnyj (nord) og Juzjnyj (sør). Novaja Semlja skil Barentshavet i vest frå Karahavet i aust. Det totale arealet til øyane er 90 650 km².
Novaja Semlja var eit sensitivt militærområde under den kalde krigen og det russiske luftvåpenet er framleis på flybasen Rogatsjevo sør på øya. Flya her vart hovudsakleg berre nytta til avskjeringsoppdrag for det nærliggande atomprøvesprengingsområdet.