Omleiringa av Stralsund (1711–1715)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Omleiringa av Stralsund var eit slag under den den store nordiske krigen. Det svenske imperiet forsvarte hamnebyen Stralsund i Svensk Pommern mot ein koalisjonen av Danmark-Noreg, Kurfyrstedømet Sachsen og Det russiske tsardømet, i tillegg til Brandenburg-Preussen som kom til under omleiringa.
Omleiringa av Stralsund | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den store nordiske krigen | |||||||
Minneplate om slaget | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Danmark Kurfyrstedømet Sachsen Russland (1711–1714) Preussen (1714–1715) |
Sverige | ||||||
Kommandantar | |||||||
Fredrik IV Aleksandr Danilovitsj Mensjikov (1711–1714)[nb 1] Fredrik Wilhelm I (1714–1715) Alexander zu Dohna-Schlobitten (1714–1715) |
Karl XII (1714–1715) Magnus Stenbock (1711–1712) Gustav Dücker | ||||||
Styrkar | |||||||
36 000 soldatar | Ukjend | ||||||
Tap | |||||||
Ukjend | Karl XII rømde. Heile garnisonen vart fanga. |
Det første forsøket på å ta Stralsund vart gjort i 1711, då dei allierte nærma seg byen. Ein svensk hjelpestyrke tvinga koalisjonen til å trekkje seg attende frå festningsverka, og dei omleirande armeane drog derfor ein større ring langs linjene til elvane Recknitz og Peene. Sigeren til Magnus Stenbock ved Gadebusch distraherte ei kort stund dei allierte, men etter at dei følgde etter Stenbock og han vart slått, vart Brandenburg-Preussen, samt Hannover, som vart styrt i ein personalunion med Storbritannia, med i alliansen mot Sverige.
Dei allierte vart samde om at Danmark skulle avstå kravet på Bremen-Verden til Hannover, og til gjengjeld vart Danmark lovd dei nordlege områda av Svensk Pommern med Stralsund, medan dei sørlege områda skulle gå til Preussen. I 1714 reid Karl XII av Sverige til Stralsund frå eksiltida si i Tyrkia for å leie forsvaret personleg. Frå 12. juli til 24. desember 1715 la dei allierte ei omleiring på byen og tvinga han til slutt til å overgje seg. Karl XII rømde til Sverige.
Stralsund vart verande under dansk kontroll til han vart gjeven attende til Sverige med Frederiksborg-traktaten.