Raytheon Company
From Wikipedia, the free encyclopedia
Raytheon Company var eit stort amerikansk industriføretak i forsvarsbransjen. Hovudområda var utvikling og produksjon av forsvarsmateriell og sivil elektronikk. Fram til 2007 var dei involvert i flyproduksjon. Raytheon var den største produsenten i verda av styrte missil.[3] I april 2020 slo selskapet seg saman med United Technologies Corporation til Raytheon Technologies.[4]
Raytheon Company | |||
| |||
| |||
Bransje | Luft- og romfartsindustri | ||
---|---|---|---|
Skipa | 7. juli 1922 | ||
Eigenandel i | Hughes Aircraft Company | ||
Land | USA[1] | ||
Produkt | MIM-104 Patriot | ||
Grunnleggjar(ar) | Vannevar Bush | ||
Dagleg leiar | William H. Swanson | ||
Resultat | 3 342 000 000 USA-dollar (2019)[2] | ||
Marknadsverdi | 42 080 000 000 USA-dollar (2016) |
Selskapet vart etablert i 1922 og vart eit aksjeselskap i 1928. Namnet Raytheon Companyvart teke i bruk i 1959. Selskapet hadde rundt 73 000 tilsette rundt i verda og årleg omsetnad på rundt USD 20 milliardar. Meir enn 90 % av omsetnaden kom frå forsvarskontraktar, og i 2007 var dei verdas femte største forsvarsføretak, og er fjerde størst i USA etter omsetnad (etter Lockheed Martin, Boeing og Northrop Grumman).[5]
Hovudkvarteret til føretaket vart flytt frå Lexington i Massachusetts til Waltham i Massachusetts 27. oktober 2003.[6] Det hadde òg hovudkvarteret sitt i Waltham mellom 1941 og 1961, før det flytta til Lexington.