Ridedrakt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ridedrakt er ei klesdrakt for kvinner spesiallaga til hesteriding.
Frå midten av 1600-talet har formelle europeiske ridedrakter laga for å ri i damesal vanlegvis omfatta:
- Formsydd jakke med matchande langt skjørt
- Formsydd skjorte eller chemisette
- Hatt, ofte i den mest formelle stilen for menn i samtida (frå viktoriatida av ein flosshatt med slør)
Støvlar med låge hælar, hanskar og ofte eit halstørkle eller liknande blei også brukt til drakta. Typisk brukte ridedrakter i heile perioden detaljar frå mannsklede, som store mansjettar, gullkant eller knappar. Fargane var ofte mørkare og meir maskuline enn dei ein brukte til daglegdrakter. Tidlege stilar kunne likna kjolane brukte av smågutar før dei byrja bruka bukser på desse områda.