Slør
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slør er eit plagg som dekker håret og ofte, men ikkje alltid, ansiktet og av og til heile kroppen. Plagget er laga av laust vove, tynt eller lett, eller meir eller mindre gjennomsiktig stoff. Slør kan brukast av praktiske, tradisjonelle, religiøse eller andre grunnar.
I mellom anna tradisjonell jødisk, kristen og islamsk kultur skjuler kvinner håret for ikkje å risikera å freista framande menn til ureine tankar, sidan håret er blitt sett på som erotisk ladet. Til dømes oppfordrar Paulus i Det nye testamentet kvinner til å ikkje opptre med bart hovud når dei utøver trua si.[1] Jomfru Maria, mor til Jesus, har siden det fyrste hundreåret til kyrkja blitt avbilda med eit sjal over hovud og skuldrer. Tradisjonen har rot i assyrisk, mykensk, antikk gresk og romersk kultur.
Sløret til nonner blir kalla hakelin.