Sør-Libanon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sør-Libanon er eit geografisk område i Libanon som består av Sør guvernement og Nabatiye guvernement. Desse to guvernementa høyrte til den same provinsen, men vart delt tidleg i 1990-åra. Rashaya og Vest-Beqaa distrikt, dei sørlegaste distrikteta i Beqaa guvernement vert stundom òg rekna med i Sør-Libanon.
Hovudbyane i regionen er Sidon, Tyr, Jezzine og Nabatiyeh. Bint Jbeil, Tyr og Nabatieh caza i Sør-Libanon er kjende for dei store sjiamuslimske folkesetnadane, med ein minoritet av kristne. Sidon er hovudsakleg sunnimuslimsk, medan resten av distriktet er sjiamuslimsk, og med ein større kristen minoritet. Jezzine og Marjeyoun caza har eit kristent fleirtal, men òg ein del sjiamuslimar. Landsbyane Ain Ebel, Debel, Qaouzah og Rmaich er folkesett heilt av kristne maronittar. Hasbaya caza har ein drusisk majoritet.
Sør-Libanon har vore åstad for mange kampar i Israel-Libanon-konflikten.