Sør guvernement
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sør guvernement (arabisk الجنوب, al-Janub) er eit guvernement i Libanon. Sør-Libanon har kring 500 000 innbyggjarar og eit areal på 929,6 km². Administrasjonssenteret er Sidon. Høgda i regionen varierer frå havnivå til kring 1000 meter. Innbyggjarane er ei blanding av sjiamuslimar, sunnimuslimar og ortodokse, katolske og protestantiske kristne. Temperaturane kan falle til kring 4 °C om vinteren med ein god del regn og snø i høgda. Om somrane er det høg luftfukt og temperaturen kan stige til 30 °C i kystområda. Guvernementet har fleire elvar som Litani, Zahrani, Naqura, Awali, Qasmiye og Hasbani. Området er kjent for dyrking av sitrus og bananer. Dei største byane er Sidon, Tyr og Jezzine.
- Denne artikkelen handlar om guvernementet i Libanon. For det i Bahrain, sjå Sørlege guvernement.
Kjappe fakta Land, Administrasjonsstad ...
Sør | |||
الجنوب | |||
guvernement | |||
Vasskjelde i Arabsallim i Sør-Libanon | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Administrasjonsstad | Sidon | ||
Koordinatar | 33°33′N 35°23′E | ||
Areal | 929,6 km² [1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Sør guvernement 33.55°N 35.383333333333°E / 33.55; 35.383333333333 | |||
Kart over Libanon med Sør avmerkt
| |||
Wikimedia Commons: South Governorate | |||
Lukk