Storkobbe
pattedyrart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Storkobbe eller blåsel (Erignathus barbatus) er ein sel som lever i arktiske og subarktiske strøk, sørover til norskekysten. Storkobben er den største av dei ekte selane på den nordlege halvkula. Hannane kan bli 2,5 meter og vega 300 kilo, medan hoene blir litt større. Dei kan bli 20-25 år gamle. Ungane blir fødd på isen og kan symja etter nokon få timar. Dei finn maten sin hovudsakleg på eller nær havbotnen, og lever difor helst på relativt grunt vatn, på kontinentalsokkelen. Det vert driven fangst av storkobbe av urfolk i arktiske strøk, denne fangsten utgjer om lag 500-1000 dyr i året på Grønland. Sovjetunionen dreiv kommersiell fangst av storkobbe, men denne tok slutt i 1975. Dei naturlege fiendane til storkobben er isbjørn, spekkhoggar, kvalross og håkjerring.[2] Folk som har avlagt jegerprøve og storviltprøve kan jakta på storkobbe på Svalbard utanom naturreservat i jakttida.[3]
Storkobbe | |
Storkobbe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga[1] Utbreiinga av storkobbe | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Overorden: | Laurasiatheria |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Caniformia |
Familie: | Ekte selar Phocidae |
Slekt: | Erignathus |
Art: | Storkobbe E. barbatus |
Vitskapleg namn | |
Erignathus barbatus Erxleben, 1777 |
I 2021 kom storkobbe kom inn på lista over nær truga artar i den norske raudlista for artar.[4]