Sylvi Listhaug
norsk politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Sylvi Listhaug (fødd 25. desember 1977 i Ålesund) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet, som sidan 8. mai 2021 har vore leiar for partiet.
Sylvi Listhaug | |||
Sylvi Listhaug Foto: Tore Sætre | |||
Fødd | 25. desember 1977 (46 år) Ørskog | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | Adjunkt, politikar | ||
Utdanna ved | Høgskulen i Volda Spjelkavik vidaregåande skule | ||
Ektefelle | Espen Espeset | ||
Medlem | Framstegspartiets Ungdom Europeisk Ungdom | ||
Verv | Leiar av Framstegspartiet 8. mai 2021– | ||
Føregangar | Siv Jensen | ||
Verv | Olje- og energiminister 18. desember 2019– 24. januar 2020 | ||
Føregangar | Kjell-Børge Freiberg | ||
Etterfylgjar | Tina Bru | ||
Verv | Eldre- og folkehelseminister 3. mai 2019– 18. desember 2019 | ||
Føregangar | Åse Michaelsen | ||
Etterfylgjar | Terje Søviknes | ||
Verv | Norsk justis-, beredskaps- og innvandringsminister 17. januar 2018– 20. mars 2018 | ||
Føregangar | Per-Willy Amundsen | ||
Etterfylgjar | Tor Mikkel Wara | ||
Verv | Norsk innvandrings- og integreringsminister 16. desember 2015– 17. januar 2018 | ||
Alle verv |
|
Listhaug har tidlegare vore landbruks- og matminister i Solberg-regjeringa, frå 2013 til 2015. Frå den posten gjekk ho til å vera Innvandrings- og integreringsminister i Justis- og beredskapsdepartementet, ein ministerpost som blei oppretta med verknad frå 16. desember 2015.[1] Ho var justis-, beredskaps- og innvandringsminister frå 17. januar til 20. mars 2018.[2] Ho fekk ny ministerpost som eldre- og folkehelseminister frå 3. mai 2019, før ho vart olje- og energiminister frå 18. desember 2019 til 24. januar 2020.
Listhaug har vore medlem av sentralstyret i Framstegspartiet sidan 2005. Har var finanspolitisk talsperson for partiet, etter at Frp gjekk ut av regjeringa Solberg i januar 2020.[3] Listhaug var byråd med ansvar for pleie- og omsorgstenesta, sosialtenesta, rusomsorga og barnevernet i Oslo 2006–2011. I åra 2009–2011 fungerte ho også som byrådsnestleiar.