Tiger Woods
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eldrick Tona Woods (fødd 30. desember 1975), mest kjend som Tiger Woods, er ein amerikansk golfspelar. Han låg som nummer éin på den internasjonale rangeringa i golf frå 15. august 1999 til 29. august 2004, det vil seie 264 veker i strekk.
Kjappe fakta
Tiger Woods | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 30. desember 1975 (48 år) Cypress |
Yrke | skribent, golfspiller, dyretrener |
Språk | engelsk |
Høgd | 185 centimeter |
Religion | buddhisme |
Far | Earl Woods |
Mor | Kultida Woods |
Ektefelle | Elin Nordegren |
Partnar | Lindsey Vonn |
Nettstad | https://tigerwoods.com/ |
Tiger Woods på Commons |
Lukk
Woods vert sett på som ein av dei beste golfspelarane gjennom tidene, og han har vunne 14 major-turneringar. Han er ein av berre fem spelarar som har vunne alle major-turneringane – endå aldri i same sesong – og han er ein av to spelarar som har vunne alle major-turneringane fleire gonger.
Han er onkelen til golfspelaren Cheyenne Woods.[1]