Utstilling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Utstilling er ei organisert framsyning av eit utval gjenstandar, som varer, kunstverk, historiske minne eller eit anna. Slike utstillingar blir ofte haldne i kulturelle eller opplysingssamanhengar som museum, galleri, parkar, bibliotek eller handelsmesser. Dei kan ha ulike fokus, som einskilde kunstnarar, periodar, særskilde emne eller meir økonomisk innretta føremål.
Konseptet kring ei utstilling er ganske breitt, og omfattar mange variablar. Utstillingar kan spenna frå ei ekstraordinær, stor hending som ei verdsutstilling til små separatutstillingar med verk av éin kunstnar eller framsyning av berre éin gjenstand. Ofte trengst det ei gruppe av spesialistar til å setja saman og gjennomføra ei utstilling; desse spesialistane varierer avhengig av kva type utstilling det er snakk om. Nokre gonger er kuratorar dei som har ansvar for å velja ut gjenstandane som skal vera med i ei utstilling. Ein kan trenga forfattarar og redaktørar for å skriva tekst, etikettar og tilhøyrande trykt materiale som katalogar, hefte og bøker. Det kan vera behov for arkitektar, utstillingsdesignerar, grafiske designerar og andre designerar for å forme utstillingsrommet og gje form til det redaksjonelle innholdet. Organisering og halding av utstillingar krev også effektiv planlegging, leiing og logistikk.[1]