Verdsmeisterskapen i sjakk 2014
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i sjakk 2014 var ein tittelkamp i sjakk mellom regjerande verdsmeister Magnus Carlsen og utfordrar Viswanathan Anand (vinnar av kandidatturneringa).[2] Tittelkampen blei spelt i Sotsji i Russland, og det var satt av tre veker til hendinga, frå 7. til 28. november 2014. Formatet for kampen var «best av tolv parti», der siger gir eitt poeng, og remis gir eit halvt poeng til kvar spelar. Spelaren som først når seks og eit halvt poeng, står att som ny verdsmeister. Den 23. november avgjorde Carlsen med siger mot Anand i det ellevte partiet, og den totale poengsummen 6½ mot 4½. Det var difor ikkje naudsynt å spele alle tolv partia.
Kjappe fakta
Regjerande verdsmeister | Utfordrar |
Magnus Carlsen | Viswanathan Anand |
6½ | 4½ |
(Sluttstillinga etter 11 spilte parti) Magnus Carlsen forsvarte verdsmeistertittelen. | |
Fødd 30. november 1990 (23 år) | Fødd 11. desember 1969 (44 år) |
Vinnar av Verdsmeisterskapen i sjakk 2013 | Vinnar av kandidatturneringa 2014 |
ELO-rating: 2863 (nr. 1)[1] | ELO-rating: 2792 (nr. 6)[1] |
Close