Åre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Åre eller år (norrønt ár)[1] er ein reiskap som vert nytta til anten å styre ein farkost med, eller til å drive han fram. Ei år har to hovuddelar, åreskaftet og årebladet. Åreskaftet kan ha eit handtak som roaren dreg eller dyttar.[2] Utforminga av dei ulike delane ymsar etter kva for farkost åra er laga til.
- For eldstaden, sjå årestad. For staden, sjå Åre i Sverige.
Opphavleg vart årar laga av tre, og det er framleis vanleg. Men anna vyrke som glasfiber, plast og metall er vel så vanleg i dag.