Åmli kommune
kommune i Agder fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Åmli kommune er ein kommune i Agder fylke. Han grensar i aust mot Vegårshei, i sør til Froland og i vest til Bygland og i nord til kommunane Fyresdal og Nissedal i Telemark fylke.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Åmli kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Adm.senter | Åmli | ||
Areal | 1 131 km² | ||
- land | 1 068 km² | ||
- vatn | 63 km² | ||
Folketal | 1 802 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Bjørn Gunnar Baas (Sp) | ||
Kommunenr. | 4217 | ||
Åmli kommune 58.798056°N 8.369167°E / 58.798056; 8.369167 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Åmli | |||
Nettstad: www.amli.kommune.no | |||
Lukk
Åmli kommune ligg omkring dalføret til Nidelva, sidedalen Gjøvdal og Tovdal. Dei tidlegare kommunane Gjøvdal og Åmli vart slått saman til Åmli kommune i 1960. Åmli har sine nåverande grenser frå 1967, då tidlegare Tovdal kommune vart lagt til.
Namnet «Åmli» er avleidd av treslaget alm. Kommunevåpenet viser ein oppreist bever i sølv på blå bakgrunn.