Adipocytt
celle som lagrar energi i form av feitt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Adipocyttar eller feittceller, tidlegare kjent som lipocyttar, er dei cellene som utgjer feittvevet i kroppen, og som er spesialiserte på å lagra energi som feitt.
Kvitt feittvev og brunt feittvev, òg kjent som kvitt feitt og brunt feitt, utgjer dei to typane feittceller i kroppen. I nyare tid har ein funne ein variant av ljosbrune eller besje adipocyttar med eit genuttrykksmønster som skil seg frå det hjå kvite og brune adipocyttar.[1] Ein har òg funne eit rosa feittvev som truleg deltek i utviklinga av mjølkekanalar i kvinnebrystet.[2]