Akko
From Wikipedia, the free encyclopedia
Akko (hebraisk עַכּוֹ, ʻAkko; arabisk عكّا, ʻAkkā, gammalgresk, Akre, Ἄκρη, engelsk/fransk Acre)[1] er ein by nord på kystsletta i det nordlege Israel, heilt nord i Haifabukta. Byen ligg strategisk til ved kysten av Middelhavet og dei gamle handelsvegane i Levanten[2] Akko er ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda.
- Akka vert omdirigert her, sjå òg Áhkká.
Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Akko | |||
عكّا, עַכּוֹ | |||
by | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°55′40″N 35°04′54″E | ||
Areal | 13,533 km² | ||
Folketal | 47 200 (Desember 2012) | ||
Folketettleik | 3 488 / km² | ||
Borgarmeister | Shimon Lankri | ||
Verdsarvstad | |||
Namn | Gamlebyen i Akko | ||
År | 2001 (#25) | ||
Nummer | 1042 | ||
Region | Midtausten | ||
IUCN-kategori | ii, iii, v | ||
Akko 32.926111111111°N 35.083888888889°E / 32.926111111111; 35.083888888889 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Acre (city) | |||
Close
I krossfarartida vart han kalla «St. John d'Acre» etter Johannesordenen som hadde hovudkvarteret sitt der. Akko er den heilagaste byen i bahaitrua. I 2011 hadde byen 46 464 innbyggjarar.[3] Akko har ein blanda folkesetnad, der 75 % av innbyggjarane er jødar og 25 % er arabarar.