Blot
ofring / From Wikipedia, the free encyclopedia
Blot eller blót (av norrønt blót) var ei rituell offerhandling i norrøn tid for å ære og påverka gudane. Skildringar av blot fortel om ofring av dyr, som hestar, storfe, grisar, hundar og høns, og ved nokre høve også menneske.
Ein finn omtale av blot i den norrøne sogelitteraturen og av andre, som Thietmar av Merseburg og Adam av Bremen. Kjeldeverdien av desse opplysningane er delvis omstridd.[1] Mellom anna er alle skrivne ned av kristne utanforståande eller i seinare tider enn blota gjekk føre seg.
Ein kunne gjera blot under open himmel eller innomhus. Litteraturen omtaler særskilde blothus eller blotstader (hòv og horg) og viktige tidspunkt for blotegilde: Vinternetter, der ein blota for god åring (årsavling), midtvinter for komade grøde og sommarmål for krigslykke.[1]
Blot kunne utførast av menn (goder) eller kvinner (gydjer). Blodet av offerdyra blei samla opp i eit særskild kar (hlautbolli), og stenka utover med ein stav (stökkull). Under blotet tok ein varsel ved hjelp av «blotspon».[1]