Cel-shading
From Wikipedia, the free encyclopedia
Cel-shading eller toon-shading er ein type ikkje-realistisk omforming designa for å få tredimensjonal datagrafikk til å sjå flat ut ved å bruka eit mindre fargespekter i staden for fargegradientar eller nyansar. Ein cel-shader er ofte brukt for å etterlikna stilen til ein teikneserie eller ein teiknefilm og/eller gje ei papirliknande framstilling.[1]
Det finst liknande teknikkar som kan få eit bilete til å sjå ut som ei skisse, eit oljemåleri eller eit tusjmåleri. Namnet kjem av «cel» (kort for celluloid), blanke ark av acetat som vart måla på til bruk i tradisjonell todimensjonal animasjon.[2]