Chiloé-øyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Chiloé-øyane (spansk: Archipiélago de Chiloé, blir uttalt [tʃiloˈe], lokalt [ʃiloˈe]) er ei gruppe av øyar som ligg utanfor kysten av Chile, i Los Lagos-regionen. Dei er skilte frå fastlandet i Chile av Chacaokanalen i nord, Ancudbukta i nordaust og Corcovadobukta i søraust. Alle Chiloé-øyane bortsett frå Desertoresøyane lengst aust mot fastlandet utgjer Chiloé-provinsen. Hovudøya, og den langt største, er Chiloéøya. Den sørvestlege halvdelen av denne øya med ei omtrentleg rektangulær form er villmark med samanhengande skogar, våtmarker og nokon stader fjellandskap. Landskapet i dei nordaustlege delane av Chiloé-øya og øyane i aust er dominert av bølgjande åsar, med ein mosaikk av beitemarker, skogar og dyrka åkrar.
Chiloé-øyane | |||
øygruppe | |||
Byen Castro på Chiloé-øya | |||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Areal | 9 181 km² | ||
Folketal | 180 185 (2017) | ||
Chiloé-øyane 42.6°S 73.95°W / -42.6; -73.95 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Chiloé Archipelago | |||
I Chile er øygruppa kjend for sin særeigne folklore, mytologi, poteter, mat og unike arkitektur. Kulturen i Chiloé er eit resultat av blanding av huilliche-, spansk- og chono-påverknader i hundreår med isolasjon utan mykje kontakt med resten av Chile eller den vestlege verda. Det kjølige tempererte klima, overflod av havressursar og store og frodige skogar har også spelt ei stor rolle i å forme livet på øyane.
I kolonitida var Chiloé ein vektig stad i forsvaret mot nederlandske og britiske inngrep i Chile og Patagonia. På 1800-talet var øygruppa eit utgangspunkt for den chilenske koloniseringa av Patagonia. Ikkje berre vart store ekspedisjonar samla i Chiloé, men tusenvis av chilotar migrerte til det tynt folkesette fastlandet for å jobbe på anlegg for sauehald, som jernbanerallarar eller for å bli uavhengige nybyggjarar. Trua på hekseri har vore vanleg i øygruppa, og oppnådd ein slik innverknad at i 1880 stilte chilenske styresmakter for retten trollmenn som blir sagde å styre øygruppa gjennom eit hemmeleg samfunn.[1]
Om ein gong vurderte som ein isolert og tilbakeståande del av Chile, held øygruppa i dag den landlege karakteren sin trass i auka samband med og veksten av byar som Ancud, Castro og Quellón. Sidan 1990-talet har lakseoppdrett og turisme vore viktige inntektskjelder i øygruppa, samtidig som tradisjonelle aktivitetar som fiske og småskala jordbruk held fram.