Coromandelhalvøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Coromandelhalvøya (Coromandel Peninsula ) ligg på Nordøya på New Zealand. Halvøya høyrer til regionen Waikato og strekkjer seg 85 km nordover frå den vestlege avgrensinga til havbukta Bay of Plenty, og dannar slik ein naturleg barriere som gir ly til Haurakigolfen og Firth of Thames mot vest frå Stillehavet mot aust. På det breiaste er halvøya 40 km. Mest all busetnad ligg på dei smale landstripene langs kysten i Haurakigolfen og i Bay of Plenty. Den største byen i landet, Auckland, ligg på motsett side av Haurakigolfen, 55 km mot vest. I godvêr er halvøya klårt synleg frå byen. Namnet kjem frå orlogsskipet «Coromandel» som tidleg på 1800-talet fleire gonger segla inn i Haurakigolfen og Firth of Thames og nærliggjande stader på leiting etter kauritømmer.[1]
- Denne artikkelen handlar om halvøya. For den indiske regionen med liknande namn, sjå Coromandelkysten.