County Kilkenny
From Wikipedia, the free encyclopedia
County Kilkenny (irsk Contae Chill Chainnigh) er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Han er kalla opp etter byen Kilkenny, som ligg i grevskapet.
Kjappe fakta Land, Del av ...
County Kilkenny | |||
Contae Chill Chainnigh | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Hovudstad | Kilkenny | ||
Areal | 2 061 km² | ||
Folketal | 87 394 (2006) | ||
Folketettleik | 42 / km² | ||
Provins | Leinster | ||
Bilnummer | KK | ||
County Kilkenny 52.583333333333°N 7.25°W / 52.583333333333; -7.25 | |||
| |||
Wikimedia Commons: County Kilkenny | |||
Nettstad: www.kilkennycoco.ie | |||
Lukk
Innbyggjararane i Kilkenny vert ofte kalla «Kilkenny Cats».
County Kilkenny grensar til Laois i nord, Tipperary i vest, Waterford i sør og Wexford og Carlow i aust.
Grevskapet utgjorde tidlegare Kongedømet Osraige, som eksisterte frå minst 100-talet og fram til 1200-talet. Den noverande katolske bispedømet i området vert framleis kalla Ossory, men grensa til det opphavlege kongedømet gjekk langs to av dei tre søstrene, elvane Barrow og Suir. Den norlege grensa var fjella Slieve Bloom.